Leiar:

– Å sluke rapporten rått er ikkje det me treng nå
Midt-Telemark kommune har bestilt og fått tilbake ein rapport frå konsulentselskapet PwC Norge. I den blir økonomien i den skakk-køyrte kommunen me bur i analysert, i tillegg til at konsulentane peikar ut særlege område der Midt-Telemark kan spare pengar. Både kommunedirektøren og fleire lokalpolitikarar rosar rapporten som både god og oversiktleg, og har tru på at den blir ein god reiskap når ein skal lage nytt budsjett som Statsforvaltaren skal godkjenne.
Eldrerådet har også lese og behandla rapporten, og dei tar ikkje lett på det. Dei skryter riktig nok av analysen og innhaldet som alle andre, men dei peikar også på noko som er like viktig: Me ser tala, men me veit ikkje konsekvensane av dei. Og det har dei heilt rett i. Det er ikkje lett å få oversikt, men det er nå jobben må gjerast lokalt. Det verste som kan skje er at dei folkevalde lener seg bakover og tar alt som eksterne konsulentar kjem opp med for god fisk. Konsulentane ser tal og dei store linjene, men dei ser ikkje detaljane eller spesielle løysingar og strukturar som får ting til å fungere i kommunen. Me veit heller ikkje kven dei har snakka med i arbeidet med analysen. Har til dømes alle avdelingar blitt spurt og fått kome til ordet? Har nokon fått målbere sine synspunkt og andre ikkje?
Om ein ikkje har gjort det før, så er det nå ein skal gjere ein skikkeleg jobb som lokalpolitikar når det gjeld økonomistyring. Det er nå ein skal bruke tid og stille dei rette spørsmåla - gjerne med rapporten som ein god og hjelpande reiskap. Å sluke den rått utan å ha sett seg inn i det som blir presentert er ikkje det innbyggjarane i Midt-Telemark treng nå.
Her er nok av arbeid å gjere, og dei ansvarlege må gjere nytte av tida fram til 16. juni. Administrasjonen gjer sin jobb, men dei kan også trenge spørsmål om kvifor dei prioriterer slik eller slik, og dei folkevalde må sette seg inn i og sjå nærmare på både samanlikningsgrunnlaget og uante konsekvensar som ligg bak sparetala som er lagt på bordet.
Ein kan ikkje bare skulde på kommunesamanslåing og vanskelege tider for kommunane generelt. Ansvaret for situasjonen som Midt-Telemark kommune står i nå, må dei som styrer på vegner av oss alle ta. Nå har me ikkje råderett sjølv lenger, og ein er nøydd til å ta vanskelege val og tak i overforbruk - sjølv om det er upopulært. Det skulle bare ha skjedd for lenge sidan.