JUBILEUM: I mars ville meisterspelemannen Jens Amundsen frå Bø fylt 100 år.
SENTRAL I LAGET: I fleire tiår var Jens ei sentral drivkraft i Spelemannslaget Bøheringen. Her frå ein hyggekveld på Stoklandsheia i 1985. F.v. Knut Dale, Asbjørn Storesund, Halvor H. Kaasa, Arnfinn Staurheim, Jens Amundsen, Harald Lønnestad og Heidi Løvlund.
SPELA FOR BYGDA: Jens Amundsen var ein mykje brukt spelemann i heimbygda Bø. Her opptrer han på gamle Eikjabygda skule. I tillegg til meisterleg spel bidrog han med historiar om slåttar og spelemenn.
A-KLASSE: Jon Lunden (f.v.), Knut Ufs, Sveinung Dalen og Jens Amundsen fotografert i 1969. Dei var alle A-klassespelemenn frå Bø.
INGER OG JENS: Inger og Jens Amundsen fotografert i 1984.
I HARDANGER: Kvar sommar tok Jens og kona Inger turen over fjellet til Hardanger. Her er Jens (midten) i godt lag med Olav Kvåle (f.v.), Knut Brattespe, Anders Kjerland og Kjell Midttun.
PÅ VESTLANDSBESØK: Inger og Jens saman med f.v. vestlendingane Knut Brattespe (f.v.) og felemakar Anders Aasen.
SPELEMANNSLAGET: Spelemannslaget Bøheringen rett etter krigen. Jens Amundsen i andre rekke, nummer fem frå venstre. Foto: Halvor Almankås.
GUNNULF BORGEN: Gunnulf Borgen var den viktigaste læremeisteren for Jens Amundsen.
HEIDERSKONSERT: Det er planar om konsert til ære for meisterspelemannen, forteljaren og tradisjonsberaren Jens Amundsen (1921-1987).
MÅNEKÅSA: Jens Amundsen på tur til plassen Månekåsa ved Vefall Brekke i 1980. Favorittfela han ofte brukte var «Steintjønndøla», ei fele han kjøpte ny av Knut K. Steintjønndalen i 1944. På bildet spelar han på ei anna fele.
PRAT RUNDT KAFFIBORDET: Asbjørn Storesund (f.v.), Thorvald Amundsen og Gudmund Amundsen i prat om Jens Amundsen, som i mars ville fylt 100 år.

Vidgjeten storspelemann og lokal drivkraft – i mars er det jubileum

Jens Amundsen var ein vidgjeten storspelemann i Noreg og ei sentral drivkraft i felemiljøet i Bø. I år er det 100 år sidan han blei født.

Publisert Sist oppdatert

– Jens var ein av dei store, det er ikkje anna å seie om det. Rundt 1960 var han utan tvil ein av Noregs aller beste, seier Asbjørn Storesund.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS