UKM 2024: Vart og vakkert, rocka og tøft
Frå vare og vakre viser ved flygelet til suggererande gitarbasert 80-talsrock, frå abstrakte akrylmåleri til smykkekunst. Ungdomane leverte på laurdagens UKM i Gullbring kulturhus.
Årets UKM var ikkje den største i talet på innslag, men kvaliteten på det me fekk sjå og høyre var særdeles bra. Både kunstutstillinga som opna mønstringa i Gullbring kulturhus og sceneframsyninga etterpå lovar godt for kulturlivet i Midt-Telemark framover.
På utstillinga som kultursjef Hilde Pedersen opna i Framstugo, var det 16 ulike objekt. For det meste bilde utført i ulike teknikkar, men også smykke og tekstil. Ungdomane bak er i alderen 11 til 16 år.
Allsidig 15-åring
Kristiane Eline Omholt Mcgowan (15) var med på UKM for fyrste gong i fjor.
– Det er stas med utstilling og gøy å vise fram det eg gjer. Det er også fint å sjå kva andre gjer, seier Kristiane.
I år deltok ho med fem landskapsmåleri, fleire smykkesett med halskjede, øyredobbar og ringar og ein song ho har skrive både tekst og melodi til. Kristiane har laga smykke i ulike metall og steinar i fem år, mens ho har måla bilde i tre. 15-åringen er sjølvlært.
– Når eg målar går eg inn i ei eiga verd og fokuserer berre på det. Ein blir nesten litt avhengig, seier Kristiane med eit smil.
Ho brukar mykje tid både på kunst og musikk, og skriv stadig nye låtar. Ein av dei, «It feels like», framførte ho på UKM-scenen med song og pianospel.
– Nå har eg laga 49 melodiar, men litt færre tekstar, fortel Kristiane.
Abstrakt på gresk
Dei to teikneglade 11-åringane Julie Krøgli og Mie Kristine Li Fosse deltok på UKM for høvesvis fyrste og andre gong. Julie med eit bilde laga i vassmåling og fargeblyant, mens Mie Kristine har bruka penn, blyant og vassmåling. Begge er elevar hos Zoe Eskes på kunstfag i kulturskulen.
– Det er veldig gøy, seier jentene som teiknar kvar dag.
Linnea Bø Solberg (15) har gått på visuell kunst i kulturskulen i eit par år.
– Det er veldig kult, eg likar det godt. Det er godt miljø, me lærer mykje, men har også stor fridom til å gjera det me vil, seier Linnea.
På utstillinga i Gullbring hadde ho med eit stort, abstrakt bilde måla i akrylfargar. Tittelen på bildet er «abstrakt», skrive på gresk med greske bokstavar.
Publikumsprisar
I storsalen venta framsyning med elleve innslag, ti med musikk og eitt med dans, profesjonelt bunde saman av konferansierane Kristiane Nyhus og Wisse Renssen.
Publikum fekk høyre coverlåtar, men også musikk skrive av dei unge utøvarane sjølve. Her var solosong til piano, solospel på gitar utan song, duoar og band, samt innslag med koreografert folkedans til musikk av Valkyrien Allstars. Det var såre, vakre balladar, velkjende countrylåtar, norske og internasjonale klassikarar. Ein flott konsert, som blei toppa av ein imponerande bra versjon av Dire Straits-låta «Money for nothing», framført av bandet Kjerringa mot strøymen som berre har spela saman sidan januar i år.
Etter endt konsert blei vinnarar av to publikumsprisar, ein til kunst og ein til musikk, kåra av ein jury henta frå publikum. Akkurat Gamle Nok For Akkerhaugen fekk publikumsprisen i musikk for andre år på rad, mens Nikola Jakobczyk fekk kunstprisen for det tredimensjonale bildet «The bright light».
– Gøyaste dagen på jobb
UKM er ikkje ein konkurranse, men eit utval innslag blir tatt ut til fylkesfinalen på Ælvespeilet i april. I veka som kjem blir det klart kven som går vidare. Kultursjef Hilde Pedersen og kulturskulelærar Hilde Ellingsen Grant utgjer fagjuryen.
Kultursjef Pedersen har vore med og arrangert UKM i Midt-Telemark og tidlegare Bø kommune i over 30 år.
– Blir du litt lei av UKM?
– Nei, aldri! UKM er den gøyaste dagen på jobb i heile året, seier UKM-entusiast Hilde Pedersen.