T
Livets høgtider på Bø museum
Høgtider i livet, frå fødsel til død, er tema for sommarutstillinga på Bø museum. Her kan ein sjå fleire hundre år gamle dåpsluer og høyre slåtten som blei spela på den siste likdansen i Bø.
Sundag 5. juli opnar årets sommarutstilling på Bø museum, noko styreleiar Kristin Kleppen er svært glad for. Utstillinga har vore planlagt lenge, men med koronasituasjonen var det høgst usikkert om den kunne bli gjenomført.