K
Litt quiz-kos til påske
Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang.Spørsmåla kan til tider vera farga av det.Denne gongen er det Synnøve sin tur.
1. Kan du kjøpe deg smågodt i laus vekt i Midt-Telemark til påske?
2. Kvar kjem skikken med påskeharen frå?
3. Kva for fargar er det på papiret til Kvikklunsj?
4. Påskeøya ligg i Stillehavet, men kva for eit land tilhøyrer denne øya?
5. Kor mange poeng må du ha over streken i Yatzy for å få bonus om du spelar «tvungen»?
6. «Påskeoratoriet» blei fyrste gong oppført 1. påskedag 1725.Kven skreiv dette musikkverket?
7. Kven vann Mesternes Mester på NRK1 i 2020?
8. Og kven vann Farmen kjendis på TV2 i 2020?
9. Kva heitte dei to hovudstadene i ”gamle” Vest-Tyskland (BRD) og Øst-Tyskland (DDR)?
10. Kva står S for i namnet til den norske popartisten Astrid S?
11. Kor mange bispedømme er det i Noreg i dag?
12. Og kva for bispedømme tilhøyrer me i Midt-Telemark?
13. Kva er kravet til mønsterdjubde på sommardekk og på vinterdekk på personbil?
14. To personar frå Midt-Telemark har fått Statens kunstnarstipend for 2020, kven er dei?
15. Årets landskappleik er avlyst, men kvar skulle den funne stad?
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp