Lifjell-løpet i skiturismens gullalder
Lifjell-løpet var eit populært turrenn som blei arrangert av Skarphedin i åra 1962 til 1969, dei fleste åra med start og målgang på Lifjellstua. Dette var på mange måtar ein gullalder for skiturismen på Lifjell. Rennet hadde både klasser for mosjonistar og aktive løparar. Om du finn fram eit kart over Lifjell og merkar ut følgjande rute, så vil du sjå kvifor Lifjell-løpet blei rekna som eit av dei hardaste renna i landet: