Herman (12): – Eg er med på kunstutstillinga, og der stillar eg ut ein skulptur av ein hånd. Trude (14): – Eg skal danse og spele piano. Samuel (12): – Eg har lyst til å vise kva eg kan, og songlæraren sa at det kunne passe for meg. Sunniva (15): – Eg er med på UKM sidan det er ein del av sal & scene-faget, og eg skal spele til dans i eit nummer. Det er tredje gongen eg er med. Vilde (16): – Eg er med fordi nokon i gruppa mi synes at det kunne vore artig, og vi dansar. Daniel (12): – Eg breakdancar med gruppa mi, og vi ville prøve noko nytt. Erle (16): – Eg er med fordi eg er med på sal & scene, og da fekk eg jobbe backstage. Lars (17): – Eg er med fordi eg blei spurt, og tenkte at det kunne vore gøy. Eg er med i band, og spelar to songar. Kvifor er du med på UKM? Publisert laurdag 29. februar 2020 - 18:40 Sist oppdatert laurdag 29. februar 2020 - 18:40 arkiv kultur