Kongar og krig i Bø
BØ MUSEUM er ein av fire organisasjona r i Bø og Sauherad som gjestar denne spalta på omgang. Dei andre er Sauherad og Nes sokn, Evju bygdetun, Sauherad historielag og Bø kyrkje.
Det er lite me veit om Bø i vikingtid og eldre tider anna enn det arkeologar og historikarar kan tolke av gravminne, gjenstandsfunn og stadnamn. Det vesle me veit i dag frå skrivne kjelder kjem fyrst med kyrkjas menn og jordebøkene dei teikna ned i seinmellomalderen. Dei mange gravhaugane, bygdeborgene og gravrøysene i bygda gjorde at folk i ettertid byrja å spørje seg korleis det heile hadde gått til. Slik oppstod det segn som blei overlevert gjennom generasjonar av bøheringar. Nokre av desse segna fortel om dramatiske konfliktar i bygda som nok overgår dagens stridar om Gullbring og handelsparken på Grivijordet.