LIFJELL OPEN: Ingvild Flottorp, Zoé Eskes, Billy Castillo, Ela Fahmida Hanif, Reinhold Kager og Emil B. Andersen håper mange tek turen.

I fjor kom det 500 på besøk – håper på like mange i år

I fjor kom det 500 besøkande i løpet av opningsveka, noko Zoé Eskes og dei andre på huset var strålande fornøgd med. Nå håper dei på like bra besøk i år.

Publisert Sist oppdatert

Lifjell open 2024

Utstillarar:

Stine Gonsholt, Lovise Søyland, Ottar Kåsa, Johanne Scheen Jahnsen, Maren Barlien, Ela Fahmida Hanif, Ingvild Flottorp, Espen Nerhus, Simon Jeppesen, Marthe Haugerud, Billy Castillo, Åstor Brochs, Silje Villhodd, Bendik P. Vatne, Maria Dahl, Reinhold Kager, Zoé Eskes, Emil B. Andersen.

Kunstnarar og handverkarar på Lifjell kunstsenter er klare til å ta imot gjester i hundrevis, når dei fredag 20. september opnar dørene til Lifjell Open 2024 i det gamle hotellbygget.

500 i fjor

I løpet av den siste veka i september kan publikum sjå utstillingar og verkstader i bruk, oppleva konsertar og diktopplesing, gå på kafe, delta på kurs, få omvisning i bygget og la seg skreme på spøkelsesvandring. Det siste starta i fjor under opningsveka, og blei ein suksess. Nå er talet på spøkelsesvandringar dobla.

– Det er fyrste gong me prøver oss på Lifjell Open-konseptet. Dette er ei vidareføring av opningsarrangementet me hadde i fjor haust, med utstillingar og folk på huset som inviterer inn i ateliera og viser fram kva dei driv med, seier Zoé Eskes, dagleg leiar for Lifjell kunstsenter.

I ATELIERET: Zoé Eskes i atelieret. Siste veka i september opnar ho og alle dei andre leigetakarane på Lifjell kunstsenter dørene for besøkande.

Fjellet som tema

Det er nå ti personar som leiger arbeidslokale i kunstsenteret. Under Lifjell Open er det nesten dobbelt så mange som bidreg.

Årets hovudutstillar er Stine Gonsholt, skiensbasert bildekunstnar som er årets gjesteutstillar. I galleriet viser ho ein lysinstallasjon og eit videoverk knytt til Gaustatoppen og vårt forhold til vill nautur og regulering.

Fjellet er hovudtema for Lifjell Open 2024, noko ein ser att i fleire utstillingar. Kunstfotograf Reinhold Kager brukar fjellet som motiv i sine forteljande svart/kvitt-bilde, Billy Castillo har latt seg inspirere av japanske fjell, mens foto- og videokunstnar Emil B. Andersen har The mountain som tittel på si utstilling.

DRAGANA ILIC: Eit av bilda Dragana Ilic stiller ut under Lifjell Open.

Konsert og spøkeri

Lifjell kunstsenter er ein stad for kunst- og kulturopplevingar av mange slag. På opningskvelden kan ein høyre konserten Solplomme med forfattar Anna Kleiva og artist, musikar og produsent Vilde Tuv. Solplomme er skrive som bestillingsverk til Nynorsk kultursentrum i Volda, og blir utgitt som bok og cd på Oktober forlag i haust.

Laurdag er det bokbad av forfattar Johanne Scheen Jahnsen, som nå er ute med barneboka «Det besatte huset». Ho blir bokbada av skodespelar og barndomsvenn Carl Martin Eggesbø i peisestova på Lifjell kunstsenter.

Boka er inspirert av kunstsenterets knirkande lydar og fjorårets spøkelsesvandring, som det var Jahnsen som stod for. Ho er guide på fire spøkelsesvandringar i det gamle hotellet også i år.

Omvisning og kunstkurs

Kunstsenteret er eit bygg med mykje historie og Zoé Eskes inviterer til omvisning begge søndagane med fokus på hotellets historie, kva som er gjort for å omskape det til kunstsenter og kva som blir laga der. Det er begrensa plass og ein må melde seg på, opplyser Eskes.

Seinare i Lifjell Open-veka kan ein bli med Eskes på foredrag, fjelltur og målekurs inspirert av Bø-kunstnaren Torleiv Stadskleiv. Kurset er ei innføring i bruk av oljemåling med historier og referansar til teknikkar og hendingar frå 1800-1900 talet. Ein treng ikkje forkunnskapar for å delta.

EDDERKOPP: Zoé Eskes underviser kunstelevar i Midt-Telemark kulturskule. Ho har tatt dei med i utstillinga gjennom denne flotte edderkoppen, laga av kulturskuleelevar.

Dikt, foto og plantefarging

Marte Haugerud og Simon Jeppesen har saman laga boka «Indre og ytre landskap» med dikt og foto. Fredag 27. september inviterer dei til ei stillfaren oppleving på kunstsenteret med fleire sanseinntrykk.

Laurdag 28. september kan ein lære å farge garn med planter frå norsk natur. Ingvild Flottorp og Maria Dahl held plantefargingskurset, der ein lærar heile prosessen.

Powered by Labrador CMS