Her har det vore både butikk og herradskasserarkontor
Krossvegen ligg høgst oppe tett ved vegen over Langåshaugen. Garden har alltid vore ved vegkrysset der oppe, og namnet kjem av det. Kjem vi frå Bø ligg gardstunet på venstre side av vegen, og skal du dit må du først ta av Fossheimvegen bak det kvite huset som ligg langs hovudvegen over Langkåshaugen. Det huset vart bygd midt i 1890-åra, og var bustadhus for folka på Krossvegen fram til det nye bustadhuset vart sett opp i 1983. Det var også butikk i det gamle huset ein periode, og eigaren hadde herradskasserarkontoret sitt der. Uthuset vart bygd i 1939, mens stolbua (stabburet) er gammal, men flytta til sin noverande plassering i 1905.