To Grivigardar og ein Sandagard ligg i området mellom fotballanlegget på Sandvoll og Bø skule. Oppe i bakken ved skulen ligg Grivi, bnr. 47, gnr. 6. Dette er den garden som ligg nærast i biletet, som er tatt frå sørvest. I dag består eigedommen av 9 mål frå gardstunet og ned til vegen ved Bø skule. Det meste av jorda som høyrde til garden utgjer i dag bustadfeltet i lia ved Bø skule. Denne garden vart kjøpt av noverande slekt i 1928, og i dag er Kari Høibø Sisjord eigar.