210826 Grindehus USN_foto Helel Friis Knutzen

Det nye, «gamle» bygget på Campus Bø

UNIVERSITETET I SØRAUST-NOREG er ein av dei faste organisasjonane i Bø og Sauherad som gjestar denne spalta på omgang. Dei andre er Bø sokn, Evju bygdetun, Bø Museum og Sauherad og Nes sokn.

Publisert Sist oppdatert

I 2019 bygde friluftslivs­studentar, undervisarar og innleigde profesjonelle eit nytt læringsrom på Campus Bø. Grinde­bygget var eit felles­ønskje frå alle institutt på Campus og står nå som er­statning for ein stor lavvo som før hadde sin plass der. Grindebygg er ein gammal byggjemetode, og i Noreg kan me finne spor etter 3000 år gamle slike bygg. Grindebygg står på stein. Dei er bygd av oppreiste rammer og tverrliggande bjelkar, såkalla «grinder». I grindebygg brukar ein ikkje spiker, men naglar av tre. Mykje av virket er hogd med øks og alle naglar vart spikka med kniv. Til slutt blei alt samla på bakken og reist. På taket er det lagt Sedum som blomstrar og som gjer at grindebygget endrar seg med årstidene.
Grindebygget står på kommunal grunn og blir brukt mellom anna av barnehagar, i tillegg til undervisning ved Universitetet i Søraust-Noreg. I Bø har mange òg nytta det til bursdagar og mindre samankomstar dei siste åra.

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS