RUSSEREVY; Rapparane Martin og Mannar.
RUSSEREVY: Lærarknutar.
RUSSEREVY: Vikarlæraren.
RUSSEREVY: Smisking med læraren.
RUSSEREVY: Fråversregelhovudpine.:
RUSSEREVY: Linedance frå Vest-Telemark.
RUSSEREVY: Russerkroppar.
RUSSEREVY: Sjakk med ADHD.
RUSSEREVY: Rektor slapp ikkje unna.
RUSSEREVY: Legetime.
RUSSEREVY: Terrorsjefane dynkar rektor.
RUSSERTEVY: Trøbbel med russebilen.
RUSSEREVY: Datatrøbbel.
RUSSEREVY: Heile gjengen
RUSSEREVY: Revysjefene fekk blomar.

Delte gledesrus(s) med lattermildt publikum

Freske spark til lærarane og ei god dose sjølvironi var den raude tråden då Børussen 2023 serverte årets revy «Gledesrus(s)en».

Publisert Sist oppdatert

Revysjefane Susanne Strandberg Opheim og Sofie Tveter opna årets russerevy med å ønske velkommen, og håpa at revyen ville spreie litt gledesrus. Dei leia publikum gjennom forestillinga med stø hand, og det blei mykje latter i salen.

Skråblikk på russetida

Russen baud på seg sjølv både i sketsjar, song og dans. Dei drodla mellom anna om russetida, kor dyrt det er med russefeiring, russebilar som ikkje fungerer, fråværsreglar som skapar hovudpine og russegutar som berre ser dei yngre jentene.

Unnskuldningar for å ikkje å gjere det bra i ulike aktivitetar, elevar som er forelska i læraren og ikkje minst russ som kjem frå Vest-Telemark med linedance var også med i russens oppsummering av skuletida. Responsen frå salen viste tydeleg at russen traff med sketsjane sine.

Flotte lærarparodiar

Det var nok også ein og annan lærar som følte seg tatt på kornet. For russen hadde sketsjar om lærarar som har gjeve dei nokre uforgløymelege opplevingar. Dei skjemta mellom anna med lærarar som gjev jentene toppkarakter når dei smisker litt, lærarar som ikkje er til stades, og dei delte ut verbale lærarknutar. Heller ikkje rektor Jon Helge Bergan slapp unna russens parodi.

Russen trakk òg fram lærarar dei vil sakne, og hadde ein eigen hyllestsong til matmor, Gry Brendemo, som styrer kantina på skulen. Songen sette eit fint punktum på årets russerevy. Etter at applausen hadde lagt seg, overrekte rektor takk til russen og blomar til revysjefane, mens han peika på at russerevy er ein fin tradisjon og ein viktig læringsarena.

Powered by Labrador CMS