Bak fjoset på ei møkkadynge planta Besta ei graskarplante kvar vår på 1960-talet. Ho hadde tatt vare på frø frå året før, sådde inne i kammerset sitt og planta ut når vårsola varma på Østgarden. Eg følgde med på dette naturens under, som voks så fort som bønnestengelen i eventyret og telte kor mange blomstrar som blei til kjempestore graskar. Besta gav bort til folk som ville ha og bruka eit sjølv til sylta graskarbitar med sukker, eddik og tørka ingefær. Det var bare Besta som åt dette til flesk eller fiskegrateng, eg smaka aldri på det, men det var blankt, gult og fint å sjå til.