Historisk:

I DANSEN: Guro Kleppe Høibo og Anne Britt Seljord Amundsen dansar i beltestakkane sine på Landskappleiken 2024.

Beltestakken som lokal folkedrakt eller moteplagg?

Beltestakk er namnet på ein kvinnebunad frå Aust-Telemark. Namnet kjem av det breie brikkevevde beltet som går fleire gonger rundt livet. Beltestakken er heldt i mørke fargar, der stakk og forkle ofte er kanta med mørke band. 

Bunaden er ei vidareføring av folkedrakta slik den blei bore rundt i Heddal, Hjartdal, Sauherad og Bø etter 1850.

GAMMAL DRAKT: Helga Evju i beltestakk rundt 1915.

På 1900-talet blei beltestakken mindre bruka og avløyst av stakk og liv. 

I 1957 kom Anne Hørte som fjortenåring med i Nes nasjonale dansarring. Heime hadde ho hengande beltestakkar etter bestemora og oldemora, og felespelar Kristiane Lund, som alltid bruka stakk og liv, oppfordra Anne til danse i beltestakk. 

Det var fordi «beltestakken er særleg fin til telemarkdans, gangar og springar. I andre dansar har han lett for å slå folk i hel», meinte Kristiane. 

I 1958 dansa Bjørg Bakkane i beltestakk som brur i eit bondebryllaup som dansarringen arrangerte på Gvarv. 

Rundt 1960 dansa Anne Hørte for fyrste gongen i beltestakk på kappdans. Nokre av dei som såg dansen var Ingrid Dillekås, Bibbi Baugerud og Liv Berit Kaasa som gjekk på saumlinja på yrkesskulen i Lunde. Slik stakk ville dei òg ha, og dei fann draktdelar ved å annonsere i lokalavisene og på auksjonar. 

Samstundes fekk husflidsbutikken til Almankås i Bø fleire beltestakkar til reparasjon, og etter kvart kom kundar som ville ha ny beltestakk. Ein av dei fyrste var Grete Midtbøen, som òg dansa i Nes nasjonale dansarring. 

Almankås tok mønster etter ein stakk Anne Hørte hadde. Nå blei beltestakken bruka av stadig fleire av dei kvinnelege dansarane i Midt-Telemark. 

Det var ungdomane i Nes nasjonale dansarring som på fekk sving på bruk av beltestakken igjen, og med rot i stakkar frå formødrene sine sauma dei nye. 

Om lag 60 år etter stiller kjendisar og influensarar opp i beltestakkar i alle slags fargar og former med stadig breiare belter. Folkedrakta har fått tilnamnet «Oslo 3-bunad», og blir rekna som ein av dei mest populære i landet. 

Beltestakken som ein lokal folkedrakt i utvikling har ikkje status som ein mønsterbeskytta bunad. Det blei også tidlegare bruka skjorter i ulike farger, mønster og stoff etter årstidene, folk nytta det dei hadde. 

Denne «moten», slik som farga silkeskjorter, har nå blitt tatt inn i mønsterbeskytta bunader frå fleire delar av landet, til forargelse for nokre og fornyelse for andre. 

Her i bygda står beltestakken i ein god tradisjon, med historiske drakter i privat eige eller i museumsamlingane våre, og den blir vidareført gjennom dyktige bunadstilverkarar. 

På 17. mai kunne me sjå eit rikt mangfold av beltestakkar på små jenter, ungdommar og vaksne kvinner, og på talarstemnet i Gullbring dansa fleire av ungdomane i Nes nasjonale dansarring i staselege nye beltestakkar som levande lokal kulturarv.

BRYLLAUP: Nils Flatland i Jon Evju sin grønkuftebunad og Bjørg Bakkane i gamal beltestakk frå formødrene sine, 1958.
Powered by Labrador CMS