J
110 i FELT-skyting
Frå arkivet: Bø blad 7. mars 1996
110 skyttarar, ungdom og veteranar, stilte opp i Bø Skyttarlags feltstemne i Eikjabygda sundag.
I roleg og overskya ver gjekk (eller bilte) skyttarane lagvis frå standplass til standplass, fem i talet – først på jorda ved Eikjabygda skule, til slutt inne ved Uvdal. Dei skal sjølve avgjere avstanden til skivene borte i skogkanten.