Lifjell på langs

30. august kl. 8.45

Fottur Grimås -Tjorbu - Sonstul - Hollane - Jønnbu. Krevjande høgfjellstur på 25 km.

Maxitaxi frå Jønnbu kl. 08.45 eller Bøgata (ved Bø blad) kl. 09.05. Det blir og høve til å gå på maxitaxien langs køyreruta etter avtale. Bindande påmelding via VIPPS #568923 innan 27.8.26.

Pris for medlemmar av Bø Turlag kr 200, andre kr 350. Bli medlem for kr 150 #731934.

Frå Grimås er det bratt oppstigning på ca. 250 høgdemeter opp til ca. 1000 moh ved øvre Tvitjønnan. Derfrå strekker Lifjell seg austover og det er flott sikt innover fjellet. Stien fortsett vestover forbi Store Tjorbuvatn. Her er det fint å ta ein rast og eit bad.

Vidare går turen ned til og forbi Sonstul seter og vidare til Hollane der det er open seterkafe. Frå Hollane er det stigning opp til Mjeltetjønn og Skartjønn og så vidare ned Oksladalen, forbi Okslagrinda og ned Anebudalen.

Alternativ rute for de som vil spare knær til nedstigninga til Jønnbu: Busstransport inn til Slåkja i Grunningsdalen. Herifrå får man en lettare inngang til Sonstulvatnet og unngår opp- og nedstigningane frå Grimås via Tjorbuvatna til Sonstul.

Vi tar oss god tid, tar pausar når vi treng og tar lunsj på Hollane. Ta med godt med mat og drikke og det du treng for ein utedag på Lifjell. Vel tilbake på Jønnbu kan vi gjerne runde av turen med middag på Lifjellstua.

Atterhald om dårleg ver og føre.

Påmelding innan 27.8.26 ved betaling på VIPPS #568923

Powered by Labrador CMS