Foredrag ved Rune Bergstrøm

21. oktober kl. 19.00

Rune Bergstrøm er biolog og aktiv i BirdLife Telemark. Han har gjennom mange år arbeidd med miljø og fugl, særleg sjøfugl, og har mellom anna vore tilsett hos Statsforvaltaren, Sysselmannen på Svalbard og i Kystverket.

Fugletrekket har alltid vore omgitt av mystikk og fascinasjon. Korleis finn fuglane fram over enorme avstandar, og kva er det som gjer dei i stand til å gjennomføre desse fantastiske reisene?

I foredraget fortel Bergstrøm om både dei lange og korte trekka, og om korleis vi gjennom tidene har prøvd å kartleggje og forstå fuglane sine vandringar. Han vil også sjå på dei fysiologiske tilpassingane som gjer fuglane i stand til å gjennomføre desse utrolige reisene.

Til slutt tek han opp nokre av miljøutfordringane trekkfuglane møter, mellom anna kva utbygging av vindturbinar på land og til havs kan bety for fugletrekket.

Arrangør: BirdLife Indre Telemark

Sted: Bø Frivilligsentral

Powered by Labrador CMS