-
Sangkveld på Gvarv
30. oktober kl. 18.00
-
Forfattarmøte med Rima Iraki
30. oktober kl. 18.00
-
Hallovenn
31. oktober kl. 18.00
-
Foredrag om fugl og insekt v/Vidar Selås
31. oktober kl. 18.00
-
Minnekonsert for Agnes Buen Garnås
31. oktober kl. 19.00
-
Bøkappleiken
1. november kl. 13.00
-
Den store kinodagen
1. november kl. 10.00
-
Forestilling: Dit vil eg fara!
2. november kl. 18.00
-
Filmsalong: Fremdeles her
4. november kl. 18.30
-
Strikk og lytt på biblioteket
6. november kl. 17.00
-
Foredrag med astrofysiker Knut Jørgen Røed Ødegaard
6. november
-
Haustmarknad
7. november kl. 14.00
-
Haustmarknad
8. november kl. 11.00
-
Haustmarknad
9. november kl. 11.00
-
Basar på Friheim
9. november kl. 16.00
Foredrag om fugl og insekt v/Vidar Selås
31. oktober kl. 18.00
Fugl og insekt blir påverka både positivt og negativt av landskapsendringar og klimaendringar. Klimaet får me ikkje gjort så mykje med, men me bør likevel ha kunnskap om korleis klimaet direkte og indirekte påverkar bestandsnivåa og dei naturlege bestandsvariasjonane til fugl og insekt, fordi dette er forhold som må takast omsyn til når me skal vurdere langsiktige effekt av landskapsendringar.
Vidar Selås har vore knytt til NMBU i mange år og har forska på rovfugl, men òg på bestandsvariasjonar hjå planteetande dyreartar – som småvilt (hønsefuglar) og sommarfuglar. Han er framleis knytt til NMBU, no som professor emeritus.
I etterkant av foredraget inviterer me til ein liten panelsamtale, der i tillegg til Selås, desse to deltek: Mariken Kjøhl-Røsand frå Skien – økolog med spesialisering i pollinering (samspelet mellom planter og insekt), og aktiv i BirdLife Telemark. Og Øyvind Steifetten, som er «vår mann» lokalt på USN i Bø, der han er knytt til Institutt for natur, helse og miljø.
Foredraget er på Bø bok og papir.
Inngang: 100 kr (medl), 150 kr (ikkje-medl) og student 50 kr