Bø museum: Tinga fortel ved Finn Rønning og Marthe Haugerud 

12. juli kl. 15.00

Gjenstandar på eit museum er som regel gamle, og dei har blitt til i eit samfunn som kanskje var svært annleis enn dagens. Derfor er det ikkje alltid så lett for oss i dag å umiddelbart forstå kva funksjon dei hadde og kva dei betydde for datidas menneske.

Enkelte gjenstandar kan også ha ei heilt spesiell historie knytt til seg, eller til dei som har laga dei eller eigd dei. Da treng vi folk som har kunnskap og erfaring til å hente fram dei spennande historiene og formidle dei til oss – og det har Finn Rønning og Marthe Haugerud, som til dette programmet har valt seg ut nokre gjenstandar dei vil fortelje om. Det vil handle om ting i både mjuke og harde materiale!

Vanleg museumsbillett gjeld (kr. 100,-). Vel møtt!

Sal av kjøttsuppe frå kl 13.


Powered by Labrador CMS