Bø museum: Plante­­vandring på Oterholt/ Kvennøya 

19. juli kl. 15.00

Nyttevekstsakkyndig Iselin Coward tar oss med på plantevandring ved Bø museum.

Plantevandringa vil hovudsakleg fokusere på vekster ein kan bruke i mat eller til andre formål. Forfedrene våre var kreative, dei har brukt planter til mykje forskjellig.

Iselin er oppteken av både dyrking og sanking, ho studerer økologi ved USN, og ho er også engasjert i hagelag, sopp- og nyttevekstforening. Ho ønsker å leve i eit samfunn der me omgir oss med eit stort mangfald av liv. Målet hennar med ei slik plantevandring, er at dei som deltek, får eit skarpare blikk for alt smått og stort som finst i naturen.

Frammøte ved Åheim. Vanleg museumsbillett gjeld (kr. 100,-)

Iselin Coward
Powered by Labrador CMS