Bø museum: Firfletting m.m. ved Torhild Aavik

5. juli kl. 15.00

Firfletting er eit handverk som få kan i dag. Frå gamalt var det restane i veven - efsingane - som blei brukt til å lage dei vakraste mønster.

Torhild Aavik har arbeidd med handverksteknikken i over 26 år. I sommar har ho sett opp ei utstilling med tradisjonelle dekorative og rituelle tekstilar i Åse-stugo på museet, og denne søndagen vil ho fortelje om firfletting, tradisjon og nyskaping.

Denne søndagen er medlemer av Midt-Telemark husflidslag til stades på museet med ymse handverk.

Velkomen!

Vanleg museumsbillett gjeld (kr 100,-).

Powered by Labrador CMS