Bli med å bygg varde på Falkefjell

13. september kl. 10.00

For å markere 50-årsjubileet til Bø Turlag skal det byggjast ein varde på Falkefjell.

Falkefjell er ein av dei mest særmerkte fjellprofilane sett frå Bø. Målet er å byggje ein så stor varde at han kan sjåast frå bygda.

Frammøte ved Bø Frivilligsentral for samkøyring kl. 10.00, eller på Jønnbu parkering kl. 10.20. Du kan òg møte direkte på Falkefjell kl. 12.00.

Powered by Labrador CMS