Alpine dykkender - foredrag v Morten Rask Arnesen

2. oktober kl. 19.00

Morten Rask Arnesen, busett i Bø, er ein av dei mest erfarne fugleekspertar me har i Telemark. I si tid var han med å starte opp ei ornitologisk forening i Bø, eit lokallag som eksisterte i 5 år, frå 1980-1985, tilslutta NOF, som det heitte den gongen. 

Morten har hatt spesiell fokus på fjellfuglar over lang tid, og ingen har over tid lagt inn så mange observasjonar på artsobservasjoner.no frå fjell-Telemark. 

I dette foredraget skal han fortelje om dei fem alpine dykkendene me har i Telemark: svartand, sjøorre, bergand, havelle og toppand. Det er fyrst og fremst i kommunane Tinn og Vinje me finn desse etter kvart fåtallige andeartane, unntaket er toppanda som har hatt ein auke. Kvart år har Morten vore til fjells for å undersøkje kvar desse dykkendene er å finne, om dei hekkar osv. Han har vore mykje i Kalhovd-området, men dei siste åra òg innover Saurflott i Vinje. Fotograf Kjell Bitustøyl har vore med på fleire av desse turane og vil stå for foto i dette foredraget.

Powered by Labrador CMS