Øgnegravin husmannsplass og stule
Øgnegravin ligg på ei slette om lag 270 m.o.h. ved elva som kjem frå Holtstjønn, Svarttjønn, Damtjønn og Dugurdfjelltjønna inne på fjellet i Sunds krins i Sauherad. Staden blei rydda her som plass til garden Sundsgvåla i 1760-åra i fylgje eit dokument frå 1794.