Bø blad for 25 år sidan:

25 ÅR SIDAN: Liv Marit Evju Ajer med haustens regntøy for barn.

Tryggleik og trivsel

Frå Bø blad sitt arkiv torsdag 21. september 2000.

Publisert

I dag opnar 'Barnas Butikk' i Holtanbygget.

Liv Marit Evju Ajer (31) er dagleg leiar for det nye tilskotet til handelstanden i Bø. Ho og mannen Arild Ajer (34) har tenkt, prata og planlagt butikk sia i vinter, og i dag opnar dei døra for 'Barnas Butikk'.

– Arild har sjølv snikra disken og alt elles av tre-interiør, fortel Liv Marit.

– Me er så fornøgde med lokala og varene og alt. Det er kjempemoro å kunne setje i gang etter ein lang periode med forarbeid. 

220 kvadrat sikrar nok plass. Forretninga ligg ikkje i Gata, men parkeringsplassen er grei utanfor lokala i gateplan.

For barn

Det fyrste bladfyken såg da ho var på besøk, var eit stativ med alle slags pynteting: kjede, spenner, hårbøylar og tøffe figurar. Klede frå 0 til og med 10 år er på plass i dag.

– Mykje kjem frå dei same leverandørane som Bø Barnekonfeksjon bruka, seier dagleg leiar, som trur at det er marknad for prosjektet hennar. 

Liv Marit og Arild held til i Lunde, der Arild Ajer er eit av namna bak 'Ajer og Nilsen Trevare'. Men ho budde i Øvre Bø til ho var 25 og jobba på Spar i mange år.

– Eg lærte mykje om det å drive butikk i den tida, og har alltid hatt lyst til å begynne for meg sjølv, fortel ho.

På eigne bein

'Barnas Butikk' er ikkje med i nokon kjede, men startar opp på sjølvstendig basis, som eit alternativ til dei som allereie er etablerte i Bø. I tillegg til Liv Marit og Arild er Inger Lise Norheim tilsett.

– Det verkar som dette er ei triveleg grein av nærlingslivet, smiler Liv Marit.

– Forhandlarane er hyggelege, og dei fleste kundane reknar eg med er i godt humør når dei har ærend hit. 

Ho plukkar fram fargerikt regntøy til fotograferinga, og forsikrar at ho har godt tøy til ungane dine framfor haustens ruskever. Og i dag er det fleire opningstilbod!

Powered by Labrador CMS