Staurheim
Flyfoto frå Bø. Widerøe Flyselskap dreiv mykje med flyfotografering i heile Noreg på 1950-talet og fram til dei fyrste åra på 60-talet. Selskapet hadde over 300.000 slike bilete då dei fekk nye eigarar i 1968. I 1970 blei denne samlinga selt ut av selskapet. I dag er det Bø museum som har hand om flybileta med motiv frå Bø. Desse er no lagt ut på Digitalt museum.
Første delen av gardsnamnet, staur, betyr det same som i dag. Men det er vanskeleg å finne ut kvifor namnet er bruka på denne garden sør for Borgja og nord for Roe. Andre delen av namnet, heim, seier oss at garden er grunnlagt eit par hundreår før år 1000. På garden er det eit større gravfelt.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp