KVITE LINJER: Det har vore mykje snø i fjellet i år, og tok du ein tur i høgda kunne du sjå blå og kvite tonar på land og i luft. Dette biletet er tatt på veg opp til Øysteinnatten på LiIfjell den 20. januar 2023. FOTO: Elin Josefsen
SKIFEST PÅ LANGKÅSHAUGEN: Bø turlag og Bø løypelag slo til med fellesarrangement på ein av dei finaste skidagane på mange år, søndag 5. februar. Hundrevis la turen innom samlingsstaden ved Fossheimvegen der det blei delt ut vafler, kaffi og saft. Løypelaget hadde ein løypekusk og si nyaste løypemaskin på plass, og som alltid var det tilbod om å få preppa skia for alle som ønskte det. FOTO: Øystein Akselberg
PÅ SKITUR I BØ SENTRUM: Gamle bilete er gode å ha når ein vil syne korleis Bø har vakse dei seinaste tiåra. På slutten av 1960-talet tok einebustadane til å krype oppover Breisås, men ein kunne likevel spenne på seg skia i botn av Breisås når ein skulle ut på skitur. FOTO: Prospektkort frå Normann Kunstforlag
MORGON OG MÅNE PÅ LIFJELL: Søndag morgon den 5. februar såg det slik ut på Lifjell då månen gjekk ned bak Krintojellet. FOTO: Simon Jeppesen
NYTT STYRE: Etter fleire år utan HalloVenn i Midt-Telemark, skal nå eit nytt styre vekke suksessen til liv att. Dei åtte styremedlemmane ønskjer å skape eit samlingspunkt for både barn og ungdom, og vil også jobbe med eit arrangement for ungdomsskulen. Det nye styret består av bak f.v. José Bakker, Tine Schia og Hilde Mari Skaret. Framme f.v. Åshild Skarstad, Nancy Vegheim og Lena Leek Haug. Karin Hagen og Nanna Elseth er òg med, men er ikkje til stades på bildet. FOTO: NYTT STYRE: Etter fleire år utan HalloVenn i Midt-Telemark, skal nå eit nytt styre vekke suksessen til liv att. Dei åtte styremedlemmane ønskjer å skape eit samlingspunkt for både barn og ungdom, og vil også jobbe med eit arrangement for ungdomsskulen. Det nye styret består av bak f.v. José Bakker, Tine Schia og Hilde Mari Skaret. Framme f.v. Åshild Skarstad, Nancy Vegheim og Lena Leek Haug. Karin Hagen og Nanna Elseth er òg med, men er ikkje til stades på bildet. Privat
KYRKJA INN PÅ BEDEHUSET: Det var fullt hus på bedehuset da det blei arrangert gudsteneste der. På besøk var Soul Children frå Klyve, og seks konfirmantar hadde oppgåver knytt til gudstenesta. Det var også søndagsskule og kyrkjekaffi. FOTO: Kristin Digranes Bøen
FAR OG DOTTER: Far Hans Jacob Sand og dotter Una Aurora Sand Venås var på scenen og mor Runaug Venås hadde scenografi, da «Blodhest» blei vist på Sjodar. Musikken var ved Poesiorkesteret. Framsyninga blei sett av 40 frammøtte. FOTO: KJELL BITUSTOYL
MINNEMARKERING ETTER JORDSKJELVET: Det var minnemarkering for jordskjelvofra i Syria og Tyrkia på Senter for kvalifisering og inkludering (SKI) i Midt-Telemark. – La oss heidre alle som mista livet i jordskjelvet med eitt minutt stillheit, sa einingsleiar Tone Sissel Kise i Midt-Telemark kommune. Rundt 150 menneske møtte opp for å vise støtte til alle som blei berørt av jordskjelvet som ramma Tyrkia og Syria natt til sjette februar. Det ble ei kjensleladd minnestund der alle tente eit lys for dei som har mista livet i jordskjelvet. Til stades var også kommunen sin ordførar, Siri Blichfeldt Dyrland. FOTO: Privat

Slik var februar – sjå bilde frå kvardagslivet der du bur

Her kan du sjå nokre glimt og gløtt frå februar-livet i Midt-Telemark.

Publisert Sist oppdatert

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS