VIHUSLØYPA. Mellom Lifjellvegen og Stavsholtmyra via Vihus er det oppkøyrd skiløype. Forholda var tysdag ganske bra, med oppkøyrd trasé og spor i regi av Bø løypelag. Noko hardt var det enkelte stader, så litt meir snø hadde vore det beste. Tysdag var det fleire som nytta høvet til ein tur i denne løypa. FOTO: Øystein Akselberg
LANGS HØRTEVEGEN: Det var vinteridyll å køyre langs Hørtevegen fredag som var. Her har me stoppa i krysset mot Sætersbøvegen, ved Kise gard. Flotte bjørketre bada seg i vintersola. Foto: Øystein Akselberg
VINTEREVENTYR: Lysløypa på Nordbø var på sitt finaste fredag kveld.
AKEMORO. Ein veninnegjeng frå Bø kosa seg med aking i bakken ved sida av Vinterland på Lifjell laurdag. Bak f.v. Elin Rinde Torstveit, Trine Nagvik og Kristin Bakken. Framme f.v. Grete Holte, Marte Fremgård og Embla Troneng Akselberg. Foto: Øystein Akselberg
BYGGJEPLASS. Vi à vis Høgvoll og Kiwi i Bø er eit nytt byggjeprosjekt i gang. Her skal det bli daglegvarehandel når alt er klart. Foto: Rune D. Bøen
NYTT BYGGJEPROSJEKT: I Haugerudbakken er grunnarbeidet godt i gang i det som skal bli eit nytt leilegheitsbygg. Haugerudbakken er ein sideveg bratt opp frå Gamleveg. Her skal det etter planen bli tolv leilegheiter. Foto: Øystein Akselberg
PRIVAT BARNEHAGE: Her eit glimt frå Maurtuva barnehage i Breisås. FOTO: Øystein Akselberg
MÅNELYST. Januar kan by på fine solfylte vinterdagar og stjerneklare, lyse netter. Tidleg ein morgon lyste fullmånen så vakkert over Øvre Bø og spegla seg i isen på jordet. Foto: Gro B. Røiland

Sjå glimt og gløtt frå noko av det som har skjedd i kommunen den siste månaden

Det er mykje som skjer av stort og smått i alle delar av Midt-Telemark kommune. Her er nokre glimt frå den siste månaden.

Publisert Sist oppdatert

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS