FEIRA 50 ÅR. Femti år med utdanning på høgare nivå i Bø har blitt feira i fire heile dagar ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN), campus Bø. Det blei både ei offisiell markering, forskingsformidling og ballongfest ved USN. Elevar frå Bø vidaregåande skule og årets studentar blei invitert på kakefeiring, og representantar frå næringslivet (bilde) kom òg med helsingar til jubilanten. F.v. Ansvarleg redaktør i Bø blad, Hilde Eika Nesje, Heidi K. Bærland, representant for Sentrumsringen og leiar av Akademika bokhandel, rektor Petter Aasen, ordførar Siri Blichfeldt Dyrland, Olav Lahus, direktør for Telemarksforskning, og Birgitte Steen frå Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge. FOTO: Anette Norheim Fredly
Kakao-kos: Da dei planlagde matpakkefrukostane blei avlyst, rigga Bergit Brekke (t.v.) og Carl Erik Storm frå miljøteamet på Bø skule til ei tralle med kakao, peparkaker og klementinar. Så bar det av garde til kakao-kos ved alle trinn på skulen. Stemninga blei toppa av medbrakt julemusikk og eit miljøteam kledd opp for oppdraget. FOTO: Bø skule
Liam Willander Johannessen, Sverre Halkinrud Hynne og Håkon Bjørbæk Børte ser ut til å kose seg med kakao til lunsjen. FOTO: Bø skule
Stor gåve: Skarphedin fotball søkte Spar sitt Grenlandsfond om pengar til barnefotballen, og fekk sist veke overrekt ein sjekk på 40.000 kroner. Spar meiner det er viktig å bidra i lokal­samfunnet, og spesielt til barneidretten. F.v.: Berit Kise, Spar, Magne Sanden, Skarphedin fotball og Marius Brudal, Spar. FOTO: Rune Digranes Bøen
Yrkesmesse: Då 10. klasse på Gvarv skole hadde yrkesprosjekt, arrangerte dei i etterkant yrkesmesse der dei presenterte resultata. F.v.: Minda Brynsholmen og Tuva Tufte FOTO: Torunn Kleppe
Yrkesmesse: Då 10. klasse på Gvarv skole hadde yrkesprosjekt arrangerte dei i etterkant yrkesmesse der dei presenterte resultata. F.v. Mathilde Dyrud Haugland og Eline Ågedal Lian. FOTO: Torunn Kleppe
Yrkesmesse: Då 10. klasse på Gvarv skole hadde yrkesprosjekt, arrangerte dei i etterkant yrkesmesse der dei presenterte resultata. F.v.: Simen Slokvik og Jørgen Gunnestad. FOTO: Torunn Kleppe
MINIKONSERT: Kafégjestene som ein sundag i desember koste seg med kaffi, kling og spa på Polen på Bø museum, fekk ein minikonsert med Spelemannslaget Bøheringen med på kjøpet. Musikalsk leiar i laget, Lars-Ingar Meyer Fjeld, fortalde også historier om slåttar og lokale spelemenn. FOTO: Gro B. Røiland
JULEGRANTENNING: Fredag før fyrst sundag i advent kom julegrana på plass utanfor Midt-Telemark kommunehus. Her blei lysa hengt opp og testa før julegran­tenninga på sundag. FOTO: Karianne Søfteland
FLOTT KULTURLANDSKAP. Strekninga av Bøelva som omfattar Sagafossen, Sagahølen, Haugfoss og Midtbøhølen er eit flott natur- og kulturlandskapsområde. Her er det eit yrande fugleliv, og desse fine Knoppsvanane fann me på Sagahølen. Bak ser ein også Sagafossen. FOTO: Øysein Akselberg
FRAMOVERLENT VOLLEYBALL: Skarphedin volleyball leiar 4. divisjon aust og er ubesigra etter åtte kampar. Her spelar laget mot Nesodden vbk. Denne kampen vann Skarphedin 3-0, med svært ungt mannskap. FOTO: Rune Digranes Bøen
Godt synlege med refleks: Klassekontaktene i 1A, 1B og 1C ved Bø skule arrangerte utandørs førjulstreff på barne­skulen den 30. november. Rundt halvparten av elevane møttest for leik i snøen. Dei fyra bål, aka og hadde rebusløp. Alle dei 48 førsteklassingane fekk refleks­vestar i gåve av Spare­banken Din. Ein stor takk til lokalbanken for hjelp til å gjere første­klassingane ved Bø skule synlege i mørket. FOTO: Kristin Holtan Saga
Hyggeleg Gåve til sjukeheimen. Sentrumsringen har også i år organisert ein jule­teiknekonkurranse for barn. Den har valt ut tre vinnarar, og etterpå blei alle teikningane gitt til Bø sjukeheim, slik at dei kan pynte veggane der. Sentrumsringen håpar at teikningane kan vere til glede for både bebuarar og tilsette. Her ser me Magnhild Aasgrav (t.v.) og Hege Ripegutu ved Bø sjukeheim som tek imot juleteikningane. FOTO: José Bakker

Sjå glimt og gløtt frå noko av det som har skjedd i kommunen den siste månaden

Det er mykje som skjer av stort og smått i alle delar av Midt-Telemark kommune. Her er nokre glimt frå den siste månaden.

Publisert Sist oppdatert

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS