FJELLDAG. Onsdag 23. mars var Maurtuva barnehage på ski- og akedag på Lifjell i nydeleg "påskever". Det var ein fantastisk fin dag for både små og store, som sender ein stor takk til Runar Stenstad for lånet av bakken og bålpanne i Vinterland! FOTO: Maurtuva barnehage
STOR DELEGASJON FRÅ BØ. Bø Skiskyttarlag deltok med 14 utøvarar på Liatoppen skiskytterfestival i Ål i Hallingdal før påske, verdas største skiskyttararrangement med meir enn 1.000 deltakarar i alderen 10-16 år. Laget melder om eit flott arrangement og mange gode prestasjonar av løparane frå Bø. Stafettlaget i klasse mix 13-16 år gjorde sine saker svært bra. Laget bestod av Sander Steen (f.v.), Andreas Aasen Haug og Ingebjørg Kristine Skilbred Helås. Les meir om arrangementet og sjå fleire bilde på nettavisa vår. FOTO: Bø Skiskyttarlag
JULEBALL TIL PÅSKE: Torsdag før påske blei endeleg Bø ungdomsskule sitt tradisjonsrike juleball arrangert, over tre månadar på overtid grunna korona. Ballet blei arrangert av elevrådet ved skulen, med god hjelp av lærarkrefter. Det var mange fint pynta og glade ungdommar som fekk sjå dans, song, lærar­parodiar og elevlaga musikkvideoar. FOTO: Bø ungdomsskule
KREATIV PÅSKEVERKSTAD. Ein rosa påskegris med grøne auge, var blant dei mange kreative figurane som blei skapt då Mathilde Stavsholt, Erle Riege (framme) Elander Vassend, Troy Siljan, Edvin Sveinsen, Mie Kristine Li Fosse og Edvin Vassend boltra seg med leirklumpane hjå Morene Leireverksted på Gvarv. Dei er spente på korleis figurane ser ut når dei er ferdig brent. FOTO: Unni Buverud
TJØNNIMELLOM: Ein tur frå bustadfeltet i Breisås via Åstjønn og Store Damtjønn (bilete) og vidare ned att til Håtveit er ein fin tur. Her møter ein fint skogsterreng, litt motbakkar å jobbe med, men også flotte strekningar langs dei to tjønnane. FOTO: Øystein Akselberg
PÅ VEG TIL KORØVING: Denne buketten med fine barn frå barnekoret SingLett brukte litt lengre tid enn vanleg på veg til korøvinga sist veke. Bonus var at Bø bedehus blei pynta med fine blomar. FOTO: Grete Hasselgård Sele
BOKKAFÉ: Rundt 20 personar møtte fram til bokbad på Akademika for å høyre den lokale krimforfattaren Jarle Sten Olsen. Han snakke om den nye boka «Svarte englar» saman med Heidi Christoffersen, som underviser på USN i Bø. FOTO: Unni Buverud
SELDE KAKER FOR UKRAINA: Elevar ved Bø skule har baka og seld kaker til inntekt for Ukraina. 7.000 kroner er sendt til Leger uten grenser, som delar ut pengane der det er behov. Lina Hogstad-Erikstein, Live Kaasa og Emilie Gøytil Haugland var blant dei som selde kake på skulen. FOTO: Privat
FAST GJENG MED EIGE BORD: Denne muntre gjengen med karar fann me på Senterkroa i Bø. Der har dei reservert bord eit par gonger i veka. Praten går lett og latteren sit laust når Bjørn Wiik, Torleif Moen, Einar Oterholt, Bjarne Alvestad, Tom Rune Olsen og dei andre i gjengen møtast rundt kafébordet. FOTO: Unni Buverud

Sjå bildeglimt frå Midt-Telemark i april

Det er mykje som skjer av stort og smått i alle delar av Midt-Telemark kommune. Her er nokre glimt frå det som har skjedd den siste månaden.

Publisert Sist oppdatert

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS