Peter (23) fekk ein mulegheit han ikkje kunne la gå frå seg
– Eg ønskte å utfordre meg sjølv ved å flytte frå Bø som 15-åring, fortel Peter Hørte Lunde (23).
Når flytta du frå Midt-Telemark?
– Som 15-åring flytta eg, med stort mot og store draumar, aleine til Skien for å gå på vidaregåande skule der. Målet og draumen var å bli fotballspelar. I løpet av dei tre åra lærte eg mykje både på og utanfor fotballbanen, og eg ville aldri vore den tida forutan. Etter videregåande var planen å fortsette med fotball, samt begynne på studiar, men så blei det militæret. Eg ønskte å utfordre meg sjølv ved å prøve å bli fallskjermjegar. Det var ikkje noko for meg, så eg starta heller i ei avdeling kalla kampskvadronen. Tida mi her gjorde at eg voks enormt som person, frå ein umogen, rotete og lite disiplinert person til å bli vaksen, strukturert og disiplinert. Til tross for at eg hata å sove i telt, tok eg eit ekstra år, ettersom tid ikkje er noko eg har lite av i løpet av livet. Etter dei to åra på kalde Rena Leir, gjekk ferda til studiar på Handelshøyskolen BI, samstundes som eg begynte å jobbe for eit eigedomsmeklarforetak i Oslo.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp