Her var det alt i kolonial og litt til
Då jernbanen vart opna frå Bø og vidare mot Sørlandet vart Tjønnås stasjon bygd. I samband med stasjonen kom det opp ein del hus i området. O. J. Raanaas bygde det som seinare skulle bli Tjønnås landhandel, gnr. 62, bnr. 15, nord for stasjonsbygningen i 1926. Det var året etter at stasjonen var opna.