Han er stolt av Midt-Telemark, og fortel det gjerne
– Det er slett ikkje utenkeleg at Telemarken kallar meg tilbake om nokon år, seier vekas bortebuar, Oskar Enrique Hidalgo Gulliksen (27).
Når flytta du frå Midt-Telemark?
– Eg flytta etter avslutta videregåande utdanning i 2012. Rett etter starta eg på ingeniørutdanning i Trondheim, men blei usikker og bestemte meg for å starte førstegongstenesta i luftforsvaret. Deretter jobba eg eit par år med billettservice på ferja mellom Sandefjord og Strømstad, samtidig som eg reiste litt på backpacking og tok opp eit par eksamenar. Dei siste fem åra har eg igjen vore i Trondheim, men denne gongen på medisinstudiet.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp