Gardane ligg fint til og har vore i same slekta sidan 1600-talet
Eika ved Folkestad er ein av dei gamle gardane i Bø. Grunnlaget for namnet er treslaget eik, og det var mykje eik her oppe i eldre tider. Slekta på dei to gardane på flyfotoet har hatt Eika sida 1659, då Olav Gregarsson Folkestad kjøpte Eika. Eikagarden var samla fram til for om lag 200 år sidan. Eigaren den gongen, Halvor Augundsson, døydde alt i 1820, etter å ha hatt garden berre ni år. Han hadde då tre søner i alderen eit til fem år, og garden vart delt mellom desse. Då dei vart gamle nok, tok dei over drifta av kvar sin gard.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp