T
Det var da tråvkøyring på Årnesbukta var ein av dei store hendingane
Årnesbukta ligg inst i Norsjø, nord for Årnes brygge. Området er grunt og har gjørmebotn. Det er eit fugleeldorado som i dag er verna, og om vinteren kan ein bruke isen.
Fram til ca. 1980 var området nytta som istråvbane. Isen legg seg tidleg her og han vart til vanleg solid og sterk som fylgje av dei strenge vintertemperaturane me hadde på den tida.
Andre plassar på isen har òg vore nytta som tråvbane. Ved Sjøbua (Søboden) der vegbrua til Gvarv sentrum kryssar elva og ved Teksten Camping har det vore halde istråvkjøring.
Tråvkøringa på Årnesbukta var ei storhende i eit elles fattig underhaldingstilbod. Ho var årviss. Det einaste som kunne hindre gjennomføringa var ovmengde med snø som gjorde at brøytebilen ikkje makta å brøyte opp banen. Ein sjeldan gong kunne det hende at vintertemperaturen svikta og isen vart for tynn og utrygg. Ved slike høve måtte ein utsette tråvkøyringa til sommaren og halde han på tråvbanen i nærleiken av den gamle skulen på Gvarv.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp