Vekas bortebuar: Frid Fosstveit (29)
Privat
– At «alle kjenner alle» treng ikkje nødvendigvis bare vere positivt
Det er likevel noko heilt eige med små bygdesamfunn der alle på eitt eller anna vis er kopla saman, meiner vekas bortebuar, Frid Fosstveit (29)
Når flytta du frå Midt-Telemark?
– Eg flytta først frå Midt-Telemark i 2013. På dette tidspunktet var eg 20 år og skulle studere sosialt arbeid i Volda. Der blei eg buande i fire år, før eg spontant flytta tilbake til Gvarv i 2017. Eg jobba på denne tida i Bø, og i 2018 møtte eg min noverande sambuar. Me hadde eit avstandsforhold i eitt år, før eg pakka kufferten og flytta til Trondheim i 2019, der eg har blitt verande sidan.
Når flytta du frå Midt-Telemark?