Imponerande fjerdeplass i Kvalfossprinten
Med treff på alle blinkar og god fart i sporet, gjekk Andreas Aasen Haug inn til ein knallsterk fjerdeplass i Kvalfossprinten.
To løparar frå Bø skiskyttarlag (BØ SSL) tok turen til Oslo sist helg for å vere med på Kvalfossprinten i Holmenkollen. Konkurransen er eit av dei største renna i Noreg for skiskyttarar i aldersgruppa 13 til 16 år, så her kan ein få prøve seg mot dei aller beste skiskyttarane i landet.