L
Regjeringa justerer på opninga av Noreg
Regjeringa gjer endringar i planane om gjenopning av landet. Noko går seinare, men nokre tiltak blir endra slik at det skal gjere det enklare å arrangere festivalar og andre arrangement i sommar.
Regjeringa utset trinn fire og justerer på trinn tre i planen for å opne opp att Noreg. Det skjer etter råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Det opplyser regjeringa på ein pressekonferanse i dag, måndag.