GLER SEG: Elias Sønstebø Sandnes, Mikkel Nenseter-Solås, og Sigurd Li-Amundsen med bøker dei vil lese.
Adriana Sòria Peris
Er med på suksessen: – Me samlar poeng og premiar
Lesekampanjen Sommarles er tilbake i år også. Bø bibliotek inviterer alle barn frå 1. til 7. klasse til å delta. Målet med kampanjen er å få barna til å lese noko dei likar om sommaren.
Sommarles blei starta som ein nettkampanje av Vestfold fylkesbibliotek og designbyrået Snuti AS i 2014. Berre i fjor var det over 166.000 barn frå heile landet som deltok. Det er barna sjølv som bestemmer kva dei vil lese, i tillegg finnast det ei sommarforteljing med forskjellige tema kvart år.