Fargerikt på Farveriet
Hørte Dampfarveri viser i sommar kunst frå fem bildekunstnarar i tillegg til keramikk og anna kunsthandverk. Dei har henta inn både nye og kjende utstillarar.
Det gamle fargeriet ved fossen på Hørte er eit særprega og spesielt utstillingslokale og tilbyr stort sett full musikk til sommarutstillinga. Fossebruset er grunnen til at fargeriet ligg her. Krafta frå vatnet gjer at industrien kom tidleg til Hørte. Fargeriet vart bygd i 1878. I dag er det ein stiftelse som tek vare på bygget og historia og som står bak sommarutstillinga.