|
| VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland |
![]() Det gamle krysset på Rallevegen og Valenvegen. Arkivfoto. Fekk nei til skuleskyss Øystein Akselberg Bø kommune meiner det ikkje er nødvendig med skuleskyss for ungar langs den nye Rallevegen. Dei må fortsatt gå til Valenvegen. Foreldre/ føresette meiner vegen er blitt farlegare enn før. Det har blitt fremja krav om skuleskyss for ungar frå Rallevegen. Foreldre/ føresette meiner at skulevegen er blitt mykje farlegare etter det blei laga ny veg forbi Langkås, og at av- og påstigning i det nye krysset er blitt farlegare. Bø kommune sin trafikksikringsplan har vedtekne reglar for skuleskyss. Ungane i dette området har etter reglane rett til skuleskyss frå fylkesvegen (Valenvegen) sidan det er meir enn fire kilometer frå skulen. Kommunen viser til at Rallevegen ikkje har gang- og sykkelveg, og at det ikkje er laga busslomme ved Valenvegen. Det heiter vidare at den nye Rallevegen er breiare og meir oversikteleg enn den gamle. – Vår vurdering er at det ikkje er farlegare å nytte denne vegen til skuleveg enn før, seier sakshandsamar Vidar Lofthus. Planutvalet vedtok tysdag samrøystes å avslå kfav om ekstra skuleskyss for ungane langs Rallevegen. Dei viser til at skuleskyssreglane må vurderast på nytt når trafikksikringsplanen skal rullerast innan 1. november. Publisert: 2011-09-21 11:00 Tilbake |
|
|