|
| VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland |
![]() Tre endringsagentar: Frøydis Haukeland, Anne Lene Haugan og Asle K. Bø fekk ros for å ha laga gode og informative internettsider for dei kommunale einingane dei jobbar ved. Kommunale endringsagentar Øystein Akselberg Bø kommune jobbar aktivt med å synleggjere tenester og tilsette. Ein vil byggje positiv identitet og omdømme. Spesialrådgjevar Svein Bjørnar Lerum presenterte måndag Bø kommune sitt arbeid med identitet og omdøme. – Me vil gjere noko med dei mange negative framstillingane av Bø kommune i media, sa Lerum, og meinte at kommunen har mange positive sider som må byggjast opp under. – Tiltaket er å kommunisere vårt positive image, sa han, og viste til ei undersøking som seier at åtte av ti tilsette i kommunar brenn for jobben sin. Bø kommune har derfor jobba med å utforme og publisere informative heimesider ved mange av einingane. Måndag presenterte Bø skule, ved Asle K. Bø, og heimesjukepleien/ kortidsavdelinga, ved Anne Lene Haugan og Frøydis Haukeland, resultatet frå deira arbeid. Lerum trekte fram nettopp desse som gode eksempel på dei beste resultata. Dei tre har stått ansvarleg for prosessen på sine arbeidsplasar, og har fått den nyskapande tittelen som endringsagentar. Publisert: 2011-09-12 12:00 Tilbake |
|
|