|
| VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland |
![]() Oljeopprydding på Siktesøya utanfor Langøya ved Langesund: Olav Halstensgård saman med representantar frå WWF. Kommunal innsats i Langesund Øystein Akselberg I august var dei fyrste mannskapa frå kommunane i Midt-Telemark på plass på Telemarkkysten for å bidra i oppryddingsarbeidet etter oljeutsleppet fra lastebåten «Full City». Kommunane i Midt-Telemark har forplikta seg i å stille med fire personar til oppryddingsaksjonen kvar veke fram til jul. Dette er eit ledd i den interkommunale oljevernberedskapen (IUA). Fyrste bøhering Vaktmeister i Bø kommune, Olav Halstensgård, svara positivt på ei oppfordring om å stille opp ei veke i oppryddingsarbeidet, og blei med det fyrste bøhering. Han var på plass saman med 150 andre mannskap og cirka 50 teknisk personell. – Mannskapa frå kommunane jobba saman med frivillige mannskap, representantar frå «World Wild Fund», Kystverket, samt fleire andre instansar, seier Halstensgård, og karakteriserar arbeidet som litt tungt, men svært meiningsfylt. – Ein ser på skjægården langs kysten som heile Telemark sin forplikting, og det er derfor viktig at alle kommunane stiller opp, seier han. Halstensgård anslår at dei fem personane på arbeidsgruppa hans rensa opp tre-fire tonn olje i løpet av veka. – Me samla opp den mest synlege olja for å hindre spreiing og for at den ikkje skal gjere meir skade på fugle- og dyrelivet. Det er eit møysommeleg arbeid med spade, mureskei, kostar og ikkje minst bark, seier han. – Vêret var på vår side denne veka, avsluttar han, og tenkjer på korleis ein tilsvarande situasjon ville arte seg midtvinters i storm og mørkre. Sist veke var miljøarbeider Arvid Hagen ved sosialetaten i Bø kommune avgarde saman med to karar frå arbeidstreningsprosjektet i Bø kommune. I inneverande veke er det mannskap frå teknisk eining i Bø kommune som tek ein tørn i «Operasjon oljeopprydding». Ønskjer frivillige Talet på mannskap er den siste veka redusert noko, men kommunane i Midt-Telemark skal fortsatt stille fire personar kvar veke. Rekrutteringa av tilsette frå kommunane blir koordinert av brannsjefen i Midt-Telemark. – Me oppfordrar kommunalt tilsette til å melde seg, seier brannsjef Bjørn Jensen, som peikar på at oppryddingsarbeidet er svært godt organisert og at dei så langt har fått tilbakemelding frå dei kommunalt tilsette om eit interessant og meiningsfylt arbeid. Publisert: 2009-09-01 02:00 Tilbake |
|
|