|
| VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland |
Også einslege. Det er ikkje berre par som kan bli fosterforeldre, einslege kan òg bli det, seier Bente Drtina. Ho inviterer alle som kan vere interessert på møte og kurs på Bø Frivilligsentral. Treng fleire fosterforeldre Marta Kjøllesdal marta@boblad.no – tlf 976 88 692 Det er stadig bruk for fleire fosterforeldre. For dei som har leika med tanken, blir det no arrangert både informasjonsmøte og kurs. – Me har åtte familiar som har sagt ja til fosterforeldrekurs, men me vil gjerne ha fleire. Einslege kan òg blir fosterforelder. Ein treng slett ikkje ha bestemt seg før ein deltek på møte og kurs. Det gjer ein først etter at ein har gått kurs og fått meir innsikt i både seg sjølv og kva det går ut på. Det seier Bente Drtina, kursleiar og fosterheimskonsulent i Bufetat Skien. Fosterheimstenesta arrangerte eit informasjonsmøte i Bø på seinhausten, no vil dei arrangere eitt til den 17. januar, før dei set i gong kurset i februar. Håpet er å få med endå fleire interesserte personar. Det er nemleg stort behov for fosterforeldre. Per i dag er det 18 barn som har søkt om å få fosterforeldre og det er 15 foreldre som ventar i ”banken”. At dei er i fosterforeldrebanken vil seie at dei har gått kurs og sagt ja, men har enno ikkje blitt godkjende. Fosterheimsteneste har gjort seg kjent med dei og ser etter barn og fosterforeldre som passar saman. Det er nemleg eit svært viktig punkt for Drtina. Må kanskje vente Drtina ønskjer seg 20 til 30 foreldre i fosterforeldrebanken, dei som ventar på å få barn. – Det er betre at foreldra ventar i bank enn at barna ventar. Dei kan ikkje vente, dei må ut, understrekar ho. Les meir om det å bli forsterforeldre i Bø blads papirutgåve. Publisert: 2011-01-15 14:00 Tilbake |
|
|