ALT OM BØ BLAD
-Generell informasjon
-Redaksjonen
-Annonsering
-Abonnement
-Boblad.no
  REISELIVSPORTAL
Klikk på Bøver'n om du f.eks. skal tinge overnatting i Bø.



  VÅR MENY

Overnatting i Bø
Kommunikasjonar
Offentlege instansar

VÊRET
Korttidsvarsel
Langtidsvarsel
Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell


KULTURARENAER

Gullbring kulturanlegg
Bø kino
Bø kyrkje
Bø bibliotek
Kroa i Bø
Bø Jazzklubb
Bø museum
Evjutunet
Bø Frivilligsentral
Bø bedehus
Pinsemenigheten Soar
Telemarkfestivalen
Sommarlandfestivalen
Sommarland











 

Eivind Lønheim, Hilde Pedersen og Bergit Li sit her på trappa til den gamle melkebutikken i det som tidlegare var Meieriet i Bø. No er det kafé og motebutikk.

Pilotar på kulturminne

Øystein Akselberg
Bø og Sauherad kommunar set i gang eit felles prøveprosjekt om kartlegging og presentasjon av kulturminne. Og til det treng dei folk.
Kommunane vil skape interesse og engasjement for kulturminne i befolkninga slik at mest mogleg informasjon kjem fram.
Sauherad kommune har allereie kome godt i gang i sitt arbeid med registrering av kulturminne. Det er oppretta tolv arbeidsgrupper i dei gamle skulekrinsane, og mykje arbeid er gjort. Prosjekt­leiar og pådrivar Eivind Lønheim fortel at informasjonen skal leggjast inn i ein database og så gjerast tilgjengeleg for alle.
Pilotprosjekt
Riksantikvaren har gjeve Bø og Sauherad kommunar 257.000 kroner i støtte til eit prøveprosjekt for å teste ut ein arbeidsmetode for registrering og presentasjon av kulturminne.
Det er allereie nedsett ei arbeidsgruppe i Bø beståande av Bergit Li frå eigarstyret ved Bø Museum, Finn Rønning ved Telemark Museum og Hilde Pedersen frå kultureininga i Bø kommune. Felles­prosjektet blir leia av Hilda Sørum som er kultursjef i Sauherad, medan Eivind Lønheim fungerer som pådrivar og mentor i arbeidet.
– Me vil setje søkjelys på kulturminne som ikkje allereie er registrert og spesielt på den nyare tidas kulturminne, seier Bergit Li og Hilde Pedersen i den nystifta arbeidsgruppa.
Det finst i dag ikkje eit fullstendig system for framstilling av kulturminne som er tilgjengeleg for folk. Mykje er dokumentert og registrert allereie, men er ikkje samla på ein stad.
– Me ønskjer å samordne det som allereie er gjort og byggje vidare på tidlegare registreringar og få alt dette publisert i ein database, forklarar Hilde Pedersen.

Publisert: 2010-08-11 09:00

Tilbake


 
  DAGSPROGRAM

 
  PÅ PLAKATEN