|
| VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland |
![]() Olav Øverland viser fram måleriet frå Hollane som Thorleif Haugen laga i 1948. Lokal kunstauksjon Øystein Akselberg Laurdag 24. juli er ein dag lokalpatriotar og kunstelskarar bør merke seg. Fire bilete av Gvarv-kunstnaren Thorleif Haugen går då under auksjonshammaren til Olav Øverland. Kunstmålaren Thorleif Haugen (1903-1989) hadde eit langt og aktivt liv som kunstnar i Sauherad og Bø. Han har med sine mange landskapsmåleri skildra ein viktig del av området sin kulturhistorie. Bileta hans heng som kjære eige i utallige stover. I 1993 registrerte Kunstnerhuset på Gvarv godt over 200 bilete frå Haugens hand. Haugen definerte seg ikkje som kunstmålar, men som landskapsmålar gjennom heile sitt lange kunstnarliv. Lokale motiv Olav Øverland har fått i oppdrag frå bubestyraren i eit dødsbu etter eit eldre ektepar i Skien å auksjonere bort fire bilete av Thorleif Haugen. Det største er måla i 1980 og er frå Slåka i Grunningsdalen. Det eldste biletet er eit motiv frå Hollane og er laga i 1948. Eit er frå Årnes med utsyn mot Nesodden og er måla i 1969. Det fjerde og siste er eit fint blomstermotiv måla i 1973. – Haugen er ein svært ettertrakta kunstnar og det er svært sjeldan at bileta hans er tilgjengelege på marknaden, seier Olav Øverland, som skal stå for auksjonen i lokala til Kitil Årnes vis-a-vis Årnes Kafeteria. Publisert: 2010-07-08 02:00 Tilbake |
|
|