![]() |
|
|
VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Bø Prestegard Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
![]() Ann Cathrin Haugland Andersen med eit av sine oljemåleri, Skogsstemning. På veggen bak heng eit av Børre Kaasa sine flotte blå damer i form av eit akrylmåleri. To stiller ut på Meierismuget Øystein Akselberg Kaféen Meierismuget er i sommar pryda med bilete av kunstnarane Ann Cathrin Haugland Andersen og Børre Kaasa. I heile juli og august stiller to lokale kunstnarar ut bileta sine på veggane i kaféen Meierismuget i Bø sentrum. Det er fyrste gongen dei to stiller ut måleria sine saman. - Me fekk lyst til å lage ei felles utstilling og me ser no at bileta våre funkar godt saman, seier Ann Cathrin Haugland Andersen. Haugland Andersen har stilt ut på Meierismuget to gonger før, medan dette er Børre Kaasa sin debut på bøkaféen. Kaasa stiller også ut keramikkarbeid på sommarutstillinga til Bø Prestegard. - Dette er eit godt utstillingslokale for oss. Her er det mykje folk innom som legg merke til bileta våre, seier Haugland Andersen, og legg til at utstilling skjer i ei koseleg og uhøgtideleg atmosfære. Bileta til Haugland Andersen kjenneteiknast av ein kombinasjon av naturalisme og det abstrakte med mystikk og mørke litt bondske jordfargar. Ho har både akrylbilete og oljemåleri. Kaasa sine bilete går i klare og blå fargetonar og har motiv av kvinner, samt eit spesielt landskapsmotiv. Han har også to teikningar på utstillinga. Dei har begge vore utstillarar på Galleri Nyhuus sin juleutstilling, og sit også begge i styret i Kunsterhuset på Gvarv. Haugland Andersen er busett i Bø, medan Kaasa held til på Gvarv. Publisert: 2010-07-03 15:00 Tilbake
|
Fredag 10.  september 16:35 Toy Story 3 Bø kino Omtale Laurdag 11.  september 15:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale Sundag 12.  september 15:55 Toy Story 3 Bø kino Omtale 18:15 Varg Veum Bø kino Omtale Måndag 13.  september 21:00 Varg Veum Bø kino Omtale Onsdag 15.  september 16:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale 19:00 Varg Veum Bø kino Omtale Torsdag 16.  september 19:00 Varg Veum Bø kino Omtale |
|