ALT OM BØ BLAD
-Generell informasjon
-Redaksjonen
-Annonsering
-Abonnement
-Boblad.no
  REISELIVSPORTAL
Klikk på Bøver'n om du f.eks. skal tinge overnatting i Bø.



  VÅR MENY

Overnatting i Bø
Kommunikasjonar
Offentlege instansar

VÊRET
Korttidsvarsel
Langtidsvarsel
Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell


KULTURARENAER

Gullbring kulturanlegg
Bø kino
Bø kyrkje
Bø bibliotek
Kroa i Bø
Bø Jazzklubb
Bø museum
Bø Prestegard
Evjutunet
Bø Frivilligsentral
Bø bedehus
Pinsemenigheten Soar
Telemarkfestivalen
Sommarlandfestivalen
Sommarland







 

Arbeidsgruppa vil bevare Evjudalen som grøntområde ved å tilretteleggje for at folk skal ta området meir i bruk. F.v. Hilde K. Pedersen (sekretær i styringsgruppa), Borgar Kaasa (Sp), Mette Gundersen (Asplan Viak) og Arne Storhaug (leiar i styringsgruppa)

Planskisse snart klar

Øystein Akselberg
Ei planskisse for utvikl­ing av Evjudalen i Bø sentrum ligg no klar. Til hausten blir bøheringane invitert til å kome med innspel.
Styringsgruppa for utarbeiding av detaljplan for Evjudalen legg no fram sitt første utkast av arbeidet sitt. Ei skisse med ei rekkje aktuelle tiltak blir no presentert. Styringsgruppa seier sjølv at dei har kome til ein milepel i arbeidet.
– Me ser at det skjer ting både med planen og nede i dalen med praktiske tiltak, seier leiar i styringsgruppa, Arne Storhaug, og viser til eit stort engasjement både blant folk og politikarar for utvikling av Bø sin eigen «Central Park».
Frå plan til praksis
– Beste måten å bevare Evjudalen som grøntområde på er å ta den i bruk, seier Storhaug, og meiner den nye planen vil heve standarden og bruksmoglegheitene i området.
– Det er ei stor utolmod i befolkninga om at noko må skje med Evjudalen, seier Borgar Kaasa (Sp).
Landskapsarkitekt Mette Gundersen frå Asplan Viak er prosjektleiar for planarbeidet og syr saman ei planskisse i desse dagar.
– Det er sjeldan me jobbar med ein plan der det er så stor semje om tiltaka som skal gjerast, seier Gundersen.
– Me må no gjere varige og slitesterke tiltak som inviterer til bruk av dalen, seier Hilde Pedersen, sekretær for styringsgruppa. Ho forklarar at eit grundig planarbeid har vore nødvendig.
Det er gjort eit stort kartleggingsarbeid med fokus på avgrensing av landskapet, vegetasjon, skjøtselstiltak, biologisk mangfald, funksjonar i og rundt dalen.
Første planutkast skal stå klar til handsaming i planutvalet i august. Det blir så ein høyringsprosess der kommunen ber om innspel frå befolkninga.
– Me vil ha folket i tale og vil bruke alt frå facebook, blogg til meir utradisjonelle folkemøte med grilling og underhaldning i Evjudalen i september, kan Pedersen røpe.
Sjå tiltakslista i dagens papirutgåve.

Publisert: 2010-07-01 02:00

Tilbake



 
  DAGSPROGRAM


Torsdag 9.  september
18:20 Varg Veum
Bø kino Omtale
20:20 Inception
Bø kino Omtale


Fredag 10.  september
16:35 Toy Story 3
Bø kino Omtale


Laurdag 11.  september
15:40 Toy Story 3
Bø kino Omtale


Sundag 12.  september
15:55 Toy Story 3
Bø kino Omtale
18:15 Varg Veum
Bø kino Omtale


Måndag 13.  september
21:00 Varg Veum
Bø kino Omtale


Onsdag 15.  september
16:40 Toy Story 3
Bø kino Omtale
19:00 Varg Veum
Bø kino Omtale


LENGRE FRAM
September:
16. Varg Veum
 
  PÅ PLAKATEN


THE SHITSEZ PÅ KROA
Shitsez er kjent for leiken og dansbar cheerleaderrock. Frå før har dei vore både på Hovefestivalen og Øya. 11. september kjem dei til Kroa i Bø!