ALT OM BØ BLAD
-Generell informasjon
-Redaksjonen
-Annonsering
-Abonnement
-Boblad.no
  REISELIVSPORTAL
Klikk på Bøver'n om du f.eks. skal tinge overnatting i Bø.



  VÅR MENY

Overnatting i Bø
Kommunikasjonar
Offentlege instansar

VÊRET
Korttidsvarsel
Langtidsvarsel
Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell


KULTURARENAER

Gullbring kulturanlegg
Bø kino
Bø kyrkje
Bø bibliotek
Kroa i Bø
Bø Jazzklubb
Bø museum
Evjutunet
Bø Frivilligsentral
Bø bedehus
Pinsemenigheten Soar
Telemarkfestivalen
Sommarlandfestivalen
Sommarland











 

Rektor Jon Helge Bergane er skuffa over at fylkestinget ikkje vedtok å løyve pengar til idrettshall ved Bø vidaregåande skule.

Tok ut idrettshall av budsjettet

Øystein Akselberg
Telemark fylkesting har vedtatt å ta ny idrettshall ved Bø vgs. ut av investeringsplanen sin for perioden 2011-14. Dermed er ein svært etterlengta ny hall i Bø lagt på is.
Ei rekkje mindre prosjekt blei nulla ut i budsjettet, og midlane omprioritert. Fylkesrådmannen sitt forslag hadde prosjektet inne i 2011 og 2012.
– Fylkestingets vedtak er sjølvsagt svært skuffande for Bø vgs., men også for den frivillige idretten i regionen som slit med hallkapasitet. Det er som kjent gjort intensjonsavtalar om betydelig utleie ved ein eventuell ny idrettshall på Bø vgs, seier ein skuffa rektor, Jon Helge Bergane.
Prosjektet har vore under plnlegging ei tid, og skulle etter planen vore gjennomført i 2011 og 2012 med ei samla kostnadsramme på 31 millionar kroner.
– Bø vgs. må som alle andre ta politiske vedtak til etterretning, sjølv om det som i dette tilfellet går i vår disfavør, seier Begane, som har eit håp om at prosjektet er så godt og framtidsretta at det vil vere mogleg å få det på plass igjen på eit seinare tidspunkt.

Publisert: 2010-06-25 02:00

Tilbake


 
  DAGSPROGRAM

 
  PÅ PLAKATEN